velkomen til svalastog
Deutsch  English  Norsk

Svalastog i Grungedal

Eit lite historisk riss.

Garden har eit gamalt telemarkstun og støylar, som til saman har godt og vel tjue bygningar. Både våningshus og loft (Stabbur) er truleg frå 1600-talet. Garden vart dela i1812 ,og loftet vart flytt opp til det nye garden Reine. Truleg laga ein nytt loft her ved å bruke det gamle buret til toppetasjen. Buret hev særs flotte breie ”magatægde” veggar .

Ellers er det mellom anna eldhus, kvennhus og badstoge (røykjehus) på garden. Av støylane nemner me Koldal, som framleis har setusel, høysel, eisehus / ystehus og fjos intakte.

Gardsnamnet Svalastog kan tyde skysstasjon / overnattingsstad (jf. Rikard Berge). Johan Meyer (fortidskunst i noregs bygder, telemarken 6.bind s.18) meiner at den gamle stoga som i dag stend på Grunge Oppstoga, opprinnleg var ein gjestgjevarstad som stod her nede på Grunge Svalastog.
Me er i ein lang, god tradisjon når me framleis tilbyr husrom til vegfarande i gamle og nye hus.

I 1999 bygde me nytt gjestehuset her med høg standard. Sjølve stoga har eit gamalt preg med åstak, brei sjølvlaga panel og eit 16-manns langbord, som våre gjester har stor glede av. Gerd har ”tvillingbordet” på keramikkverkstaden. Rundt det bordet hev det blitt dekorert mykje porselen, både av Gerd og av våre gjester.

Garden har gått i arv frå far til son så langt ein kan fylje kyrkjebøkane og det er heilt tilbake til slutten av 1500-talet. Brotet på denne tradisjonen var då Sigrid Sondrisdotter overtok garden på 1860-talet, fordi brørne hennar reiste til Amerika. I 1983 overtok Gerd Danbolt Svalastog og Olav Haraldson Svalastog garden.

Langt tilbake bruka ein bumerke som signatur for ætta og garden. Svalastog sitt bumerke er ein patriark-kross. Dette bumerket rissar Gerd under kvar keramikk-ting ho lagar, som ein del av logoen hennar.

Tilbake

Utforming: kandesign