velkomen til svalastog
Deutsch  English  Norsk

Svalastog

Svalastog er eit gamalt Telemarkstun frå om lag 1600. Her kan du overnatte i gamle og nye hus.

Keramikkverkstad med utsal på garden, der ein óg kan kjøpe vakre trykk av Tor Lindrupsen.

På garden har me også dalasau i fjoset, og fine, mangefarga villsau som går ute heile året, med eit nytt steinfjos som base. Garden vert driven økologisk.

Godt fiskevatn like ved, sal av fiskekort på garden.

Barnevennleg leikeområde med blant anna huske og trampoline.

Biljardbord kan også nyttast av gjester om sommaren.

Beachvolleybanen vår er til disposisjon for våre gjester. 

Stort ski/snøbrett hopp på garden om vinteren.

Pilegrimsleden frå Seljord til Røldal går forbi garden. Svalastog er ein god stad å overnatte for pilegrimer. 

Hovden, Haukelifjell og Rauland sine skisenter er alle innanfor 45 minuttar køyring. På Hovden Badeland kan du slappe av etter skituren.

Bø Sommarland er eit passeleg mål for ein dagsutflukt. 

Grungedal ligg midt i mellom Oslo og Bergen, og er ein passeleg stopp for deg som skal vestover for å sjå på fjordane.

 

Les meir om overnatting/hytter her

Les meir om historie her

Klikk her for kontakt og kart

Utforming: kandesign