velkomen til svalastog
Deutsch  English  Norsk

Aktivitetar

Huset vi leiger ut ligg ovanfor det gamle tunet, med god utsikt over bygda. På jordene rundt beiter sauene vår og haust, om sommaren vert graset slege og høya. Her kan du feriere i eit frodig og vakkert kulturlandskap. Huset har høg standard og god plass til mange gjester. Kjøkkenet er velutstyrt og romsleg, med koseleg spiseplass, klebersteinspeis og ein deilig veranda med mykje ettermiddags- og kvelds-sol. Stoga er høglofta med åstak, har peis, salong, og eit stort langbord å benke seg rundt. Der kan du, med utsikt til Haukelifjell, nyte den gode auren du har fiska rett nedanfor, i Grungevatn.

Våre gjester har henta mange flotte aure i vassdraget Grungedal-Haukeli, som omfattar Grungevatn og Tveitevatn, og reknast blant dei beste innlands-fiskevassdraga for aure i Sør-Norge. Har du lyst, kan du kaldrøyke auren i den gamle badstoga (røyke-hytta) vår.

Vil du høgare til fjells enn våre 560 m.o.h, er det kort veg til mange flotte turområde der du kan traske, med eller utan fiskestong, med eller utan bærspann, men tak med badetøy i sekken! Å ta turen opp til Koldal ein varm sommardag, og klatre, leike, plaske i eit fantastisk, naturskapt badeland, det er noko ein ikkje gløymer! Me har og eit biljardbord de kan bruke.

Keramikk blir produsert og seld på garden, i lag med nydelege villsauskinn. Økologisk villsaukjøt kan også tingast.

Om vinteren kan du lage løyper og hopp i bakkane rundt huset, eller ta skia med til fjells, og gå lange turar i storslege kulturlandskap. 

Haukelifjell Skisenter ligg berre 25 min unna, Rauland Alpinsenter, Rauland og Vierli Skisenter ligg ca. 45 min unna.

Køyrer du sør-over kjem du til Hovden, toppen av Setesdalen. Her finn du Hovden Alpinsenter og Hovden Badeland

Sommarstid er det fleire kunst- og handverksutstillingar i nærleiken, og Sørensen-galleriet held ope. I september arrangerast kvart år ”Litteratur-dagar” med aktuelle forfattarar. For Dykk som er på gjenomfart til Dyrsku’n, Countryfestival eller Dansebandfestivalen i Seljord, eller Bø Sommarland, er Svalastog ein høveleg plass å overnatte.

Beachvolleyballbanen er til disposisjon for våre gjester. Den ligger fint til oppe på Groekre, med magisk utsikt over Grungedal. Volleyball er en fin familieaktivitet der både store og små kan få utfolde seg. 

Velkomne til gards!

 

Klikk her for meir akitivitetar

Utforming: kandesign